Om Fotografen

Ronny Solheim er ein naturfotograf frå Sandane i Sogn og Fjordane. I dette landskapet er det fjella, kysten, breane, faunaen og dyreriket som er inspirasjonen til Ronny. Sidan ung alder har den lokale naturen vert ein lidenskap gjennom jakt, fiske og fuglekiking, og fotokameraet var tidleg med på tur.

I dei siste 15 åra er det følelsen av naturen og motiva han finn bak kameraet som gir Ronny den beste naturopplevinga. Han er alltid på jakt etter motiv som reflektera balanse og harmoni, og samstundes speglar følelsar som kan gjenkjennast av andre.

Ronny er opptatt av at omgivelsane ikkje skal forstyrrast unødig og har med lang erfaring fått ein god forståelse av den mangfaldige naturen og tolmodigheten som må til for å vere ein del av den. 

Secured By miniOrange